LOFOTEN & RØST Eventyrreise til Helgeland og Lofoten 21.- 29. juli

LOFOTEN & RØST Eventyrreise til Helgeland og Lofoten 21.- 29. juli

SE BILDER HER

Mandag 21/7.
Med VISA-kort og godt humør stod 46 deltakarar frå Mossiges Mindes reiseklubb klar kl.6.15 for å bli frakta med Hagabuss frå Mossiges Minde til Stavanger Lufthavn. Derifrå tok SAS oss til Trondheim, der Koll stod klar med bussen. Vi lesser opp, og turen startar i sol og tropevarme. Nord-Trøndelag er bare starten på ein samanhengjande tur i vakkert landskap.

Første felles måltid blir lunsjen i Namsos, der vi får servert karbonadesmørbrød i trivelege lokaler. Det viser seg fort at Koll er ein perfekt guide og sjåfør. Ein halvtimes ferjetur mellom Holm og Vennesund tek oss frå Bindal kommune, den sørligste i Nordland fylke, til Sømna kommune, som er den største jordbrukskommunen i fylket.

“Hovedstaden”på Helgelandskysten er Brønnøysund, der vi skal ha første overnatting.

Ein torskemiddag som stod til Sg, og ein tur på byen etterpå , der vi ser ein fantastisk solnedgang, avslutter denne flotte dagen.

Tirsdag 22/7 . 26-27`C Det er stille, og sola skin heile dagen frå klar himmel.

Vi bryt opp frå hotellet kl.9.00, og i flott natur kjører vi ut til Torghatten. Der er det mange i reisefølget som vinn ein personleg seier ved å ta seg heilt opp til holet i fjellet, men for dei fleste av oss er det ein grei tur. Når vi kjem ned, ventar Koll med kaffi.

Nå går turen vidare nordover RV 17. Det som overraskar og imponerar mest, er dei flotte veldrevne gardane vi ser langs reiseruta. Og bak ligg fjella og rammar inn landskapet, mens Helgelandskysten gjer landskapsbiletet fullstendig. Fantastisk flott! Etter ein liten ferjetur pluss ein halvtime med bussen er vi på handelsstaden Forvik. Der har vi lunsjen ute på bryggekanten. Menyen er “verdens beste fiskesuppe” med eit spesielt bakverk til. Til slutt får vi kaffi som dei har brent sjølve. Eit uforgløymeleg opphald!

Vidare går turen med ein times ferjetur til Tjøtta og Alstahaug. Nå er vi i Petter Dass sitt rike, og vi får servert Petter Dass både via film og tale. Vi får også servet vafler med syltetøy og rømme, spandert av Sverre Haga. Derifrå har vi ein halvtimes kjøring til Sandnessjøen. Nå ser vi Dei sju søstre på sitt aller finaste. Hotellet i Sandnessjøen er splitter nytt, middagen er god, og dagen er meir enn perfekt. Dei fleste av oss har ein rusletur i byen og nyt kveldssola før vi finn senga og ladar opp til ein ny dag.

Onsdag 23/7. Temperaturen varierer frå 22- 27`C. Stille og lettskya, mest sol. 30 mils kjøring.

Fin frokost på hotellet før vi takkar for oss i Sandnessjøen. Første stopp er ved eit kulturlandskapsmerke litt utanfor byen før den flotte Helgelandsbrua, og der er mange flotte biletemotiv. Ein kort kjøretur før vi tek ein liten ferjetur til Dønna. Av kjende stader på veien til Saltsraumen, som er målet for dagen, er Nesna som er eit skulesenter, og Lurøy kommune, der 150 tonn laks vert eksportert dagleg. Det er landets største kommune, og naturen er storslagen. Vidare kjem vi til Gildeskål, som er Elias Blix sitt rike. I denne fantastiske naturen fekk han inspirasjon til “Å eg veit meg eit land”. Naturfenomena står i kø. Det neste vi får kontakt med, er Svartisen. I det heile er det vakker natur som pregar dagen. Og det toppar seg når me kjem til Saltstraumen, og hotellet med same navn. For eit landskap, og for eit naturfenomen vi var vitne til! Dagens lunsj hadde vi på den timelange ferjeturen frå Kilboghamn til Jektvik. Middagen hadde vi på hotellet der vi kom i 20-tida. Flott dag!

Torsdag 24/7. Sola er ikkje så framtredande, men temperaturen held seg rundt 20`C. Litt kjøligare vart det nok, då vi forlot Bodø på vei til Røst. Rundt midnatt, då vi var i ferd med å avslutta dagen, kom havskodda.

Frokosten på Saltstraumen hotell er førsteklasses. I 10-tida er vi klar for den korte bussturen inn til Bodø. Vi kjører i eit frodig omland, på vei av høg standard, m.a. ei firefelts bru som var eitt år gamal. Bodø, som er den byen i Noreg med flest vinddagar i året, tok imot oss med stille, fint ver. Her er det godt og vel 4 timar med frislepp, der den enkelte finn sin måte å bruka dagen på. Men etter at Koll i fleire dagar har omtalt og anbefalt den spesielle Salten-retten Møsbrømlefse, måtte alle ha ein smak av den på Jernbanekafeen. For å seia det slik: “—den lot seg eta”.

Kl.16.30 starta den vel tre timar lange båtturen ut til Røst. Det blir en behageleg tur i havblikk. På Røst går vi rett til bords på Røst Bryggehotell, der kvalgryte blir servert. Det verka som alle sette pris på maten. Etter å ha blitt fordelt og etablert oss på Røst Bryggehotell og Fiskarheimen Havly like i nærleiken, går ein del av oss på pub, der ein lystig gjeng hadde ein triveleg time. Det nærmar seg midnatt når vi rundar av dagen og har fått eit nytt minne for livet.

Fredag 25/7. Temperaturen held seg rundt 20`C. Veret veksla mellom mykje og lite skodde, men heldigvis ikkje så mykje at det fekk øydeleggja opplevinga av Røst. På vei over Vestfjorden om kvelden klarna det opp.

Det vart ein lang dag- med opplevingar for fleire dagar. Reiselaget vårt er så stort at vi må dela oss i to grupper for dagens aktiviteter. Etter frukost har den eine gruppa busstur med lokal guide på Røst, mens den andre gruppa fer med båt/RIB eller ein vanlig, litt større båt ut til Skomvær fyr, ca. halve gruppa i kvar båt. Turen til Skomvær fyr var både kjekk og interessant. Vi vart grundig kjent med fuglelivet, m.a. såg vi fleire ørnar. Spekkhoggarar og sel såg vi også.

Røst er eit ganske spesielt samfunn med ca. 650 innbyggjarar. Verdien av fiskeeksporten frå Røst er i overkant av 1,5 mill kr. pr. innbyggjar. Det får vi vite når vi besøkjer den imponerande tørrfisk-eksportbedriften til Steinar, som også driv puben på Røst. Den innføringa vi fekk om produksjon og omsetning av tørrfisk, viser norsk verdiskaping på sitt beste.

Forpleininga på hotellet på Røst var førsteklasses. Maten besto av havets delikatesser; fiskesuppe til lunsj og kveite til middag om kvelden før vi forlot hotellet. Båtavgangen er kl. 20.30, og vi er innom Værøy før vi går i land i Moskenes i Lofoten rundt midnatt. For ein gongs skuld er det stille i bussen når Koll kjører oss ein times tid til Leknes og Best Western Hotel for overnatting. Legging kl. 01.45 etter ein ” travel”, kjekk dag.

Laurdag 26/7. Snaut 20`C. God sikt, men av og til litt skodde på toppane.

Det verkar som at alle har hatt ei god natt, for stemninga er god når vi møtest til frokost og seinare i bussen. Koll har fridag, men er med i bussen når ein lokal sjåfør tek over bussen denne dagen. Både sjåføren og den lokale guiden Johnny Kløften får topp karakter, når dei tek oss frå Leknes til Å, og frå Å til Svolvær. Det blir fortalt at turismen har passert fiskeriet i omsetning i Lofoten det siste året. Og det merkes at det er folk, bussar og campingbilar over alt, men så er vi jo midt i sesongen.

På dagens sightseeing er vi først ute på Å. Vi ser tettstadane Moskenes, Reine og Ramberg og er ute på Sund hos den landskjente smeden som lagar m.a.skarv. I Nusfjord har vi dagens lunsj, som er ein veldekka buffet. Derifrå kjører vi ein avstikker frå E10 til Vikten, der brukskunstsenteret Lofoten Design ligg. Det består av Glasshytta og Keramikktårnet. Her blir det handla både kunstglass og keramikk m.m. Så bærer det mot Svolvær, og på den strekningen ser vi det flotte jordbrukslandskapet i Leknes. Der ligg 200 av dei 400 gardane i Lofoten.

Hotellet i Svolvær, Rica Hotel Svolvær, ligg ved sjøen og har god standard. Det same har middagen om kvelden. Dei fleste av oss tek ein rundtur på byen før vi runder av dagen.

Søndag 27/7. 23-24`C Det er berre ein ting å seia—-strålande sol!! Olaf og Leif fekk skulda for at avreisa frå hotellet vart utsett frå kl. 9.30 til kl.10 denne sundagsmorgonen.

Dagens tur med Koll som sjåfør og Johnny som guide gjekk til Vikingmuseet på Borg, som er velkjent blant arkeologar og menigmann i heile Skandinavia. Via øyretelefonar og bilete vart vi informerte om historia på staden heilt tilbake til 8-900-talet. Vi fekk servert sodd med brød til, og til drikke kunne ein velja mellom mjød, øl og vatn.

Koll har heilt sidan vi kom til Nordland, informert om “Kulturlandskap Nordland” som vi finn i 45 av Nordlandskommunene. Mykje kan seiast om desse kulturinnslaga, men i Lofoten hadde dei eitt som dei kan vera bekjent av. Det var av eit spesielt materiale og speglar folk og landskap på ein spesiell måte. Tilbake i Svolvær er vi ein del som har is og kaffi i byen, mens andre tek ein pust i bakken før neste programpost. Det er tur med ein gammal ferjebåt til Trollfjorden. Kvelden er fin, og det blir ein svært vellukka tur. Dagens middag er grilla kvalkjøt og laks med tilbehør, som vi fekk servert etter at vi hadde starta heimturen frå Trollfjorden. På alle måtar ein ny kjekk dag.

Måndag 28/7. Det har regna litt i natt, og det ser truande ut frå morgonen, men dagen vart ganske fin.

Programmet for dagen startar kl.09.00. Guiden Johnny skal vera med oss også denne dagen. Han tek oss til byen, der han starter med å fortelja sagnet om Svolværgeita. Vidare går vi til Galleri Gunnar Berg på Svinøya, der vi får ei god innføring i det korte livet til Nord-Norges mest berømte målar. Han vart berre 30 år gamal. I dette galleriet er det over 70 bilete i verdensklasse av denne kunstnaren.

Det er vel ikkje mykje vi forbind så sterkt med Lofoten som Henningsvær. Med bratte fjell, som er ei utfordring for klatrarar frå heile verda og som praktisk talt heng over oss, og på smal vei med sjøen rett nedanfor, ber det av garde til denne kjende staden med ca. 1000 innbyggjarar. Og for ein særprega fin stad vi kjem til! For ein turistmagnet! Ikkje rart at Koll syntes det er den finaste staden i heile Lofoten, der den ligg ut mot havgapet. Vi har lunsj der. Det har blitt ein del fiskesuppe på denne turen, den eine betre enn den andre. Denne tok gull!

Vi går så til eit galleri, der kjende kunstnarar frå Nord-Norge er representert. På heimvegen er vi innom Noregs 3. største trekyrkje i Kabelvåg. Den har særpreg og er fin.

Når vi er tilbake i Svolvær, takkar Johnny av etter å ha vore med oss i tre dagar og gjort sitt til at Lofoten-opphaldet vart ei fantastisk oppleving for reisefylgjet vårt. Etter ein pust i bakken er vi klar for dagens gode middag, og dei fleste avsluttar med ein stemningsfull tur på byen og ser på livet og sørgåande hurtigrute. Og vi har lagt bak oss ein ny fantastisk dag.

Tysdag 29/7. 20`C Flott kjørever, lettskya og stille. Dagen starta tidleg- kl.6.20, og det blir tidleg frokost før avreise.

Vi tek farvel med Lofoten på den 6 år gamle og 6 mil lange E10, som omfattar ein undersjøisk tunell og 5 bruer. Eit fantastisk veianlegg i ein fantastisk natur! Vi kjører gjennom deler av Vesterålen, Salten og er innom Kvæfjord i Troms fylke før vi er på E6. Ei ferje fører oss over til Hammarøy og Knut Hamsun sitt rike, der eit forholdsvis nytt Hamsunsenter er opna. Det kjem fram ganske forskjellige oppfatningar av arkitekturen til bygget, som er i 7 etasjer og utforma for å symbolisere forfattaren, som hadde eit ganske komplisert sjelsliv.

Vi koser oss med rundstykker, vafler og kaffi frå husets kantine i desse fine omgivelsane.

Derifrå kjører vi i ca. ein time før vi er i Fauske. På jernbanekafeen der får vi dagens middag, som er kjøttkaker m.tilbehør. Når vi reiser videre til flyplassen i Bodø, er det siste gongen vi er samla som ei gruppe. Då nytta Leif, Olaf og Koll høve til å takke for desse 9 fantastiske dagane, som har gitt oss alle eit minne for livet.

Flyturen heim gjekk om Gardemoen, Det var takk og klemmar for godt reiselag, og på Sola står ein Haga-buss og tek oss til Sandnes.

Takk til Koll, takk til Olaf på vegne av reiseklubben, og ein hjarteleg takk til heile reisefylgjet! Dette var gildt!!

Referat: L.I. Bilder: K.M.