Dagstur til Lyngdal onsdag 24. april (Fra ”vann” til vin)

SE BILDER HER

Mossiges Mindes Reiseklubb hadde sin første tur i sesongen 2013 den 24.april. Turen gjekk med buss frå Sverre Haga til Lyngdal. Lyngdal er ikkje så langt ut i verden, men passeleg for ein dagstur.

Koll Kyllingstad er den som kjører, og han er verdt heile turen åleine. I tillegg til å vera ein behageleg sjåfør er han full av vitsar, historier og faktaopplysninar som han på ypperleg vis drysser over dei 40 turdeltakarane. Så takk til Koll som gjorde turen så kjekk!

Veret var ikkje på vår side, for den som ikkje ville ha regn, for regna gjorde det heile tida.

Lyngdal har bystatus, men må vera den byen i Norge med minst bypreg. Byplansjefen, dersom dei har noko slikt, må ha ein konstant dårleg dag på jobben. Bygningar, hus og forretningsbygg står planlaust “hulter til bulter” og skaper eit dårleg inntrykk. Synd i eit så fint landskap!

Kva er så Mossiges Mindes Reiseklubb sine besøksobjekt på denne turen?

Først er vi på misjonsmuseet, der vi har medbrakt kaffi og wienerbrød før ein dyktig guide tek oss med inn i misjonen si historie. Det var i Lyngdal den fyrste misjonsforeninga vart starta her i landet for ca. 150 år sidan. Vi tek oss god tid, og det var eit kjekt og interessant besøk.

Middagen er alltid eit høgdepunkt på slike turar, så også i dag. Og den inntok vi på Paulsens Hotell. Og nå er det fristande å sitera frå brosjyren vi fekk utdelt.

“Hotell og Cafe fra 1894 med Dansk og Norsk traditionemad samt hjemelaved saft, nykvernet kaffe og unævnlig forskjellige drike av det sterkere slag. Du belønnes med deilig hjemelaved treretters middag, kaffi paa kjelen, samt vilde spreld aa historie fra Paulsens fyldige historiebog.” Sitat slutt. Det er bare å slå fast, vertskapet var fantastisk, og maten like så.

Siste post på programmet var ikke mindre spesielt. Då besøkte vi vinbonden i Lyngdal. Det er historia om ingeniøren som vart luta lei av Oslo og ville heim til Lyngdal og gjera ein leveveg av heimegarden. Han plantar nokre vinbuskar i ein solvarm skråning, byggjer eit selskaps- og produksjonslokale, og så kjem det busslast etter busslast til Lyngdal for å sjå på herlighetene . Og serverer gjestene importert vin! Han var ein sympatisk og kreativ kar, og Mossiges Mindes Reiseklubb ynskjer han lukke til, og takk for besøket!

På heimturen tok Koll oss med langs Bjerkreimselva og synte oss kor Trygve Bjerkrheim hadde fått inspirasjon til mange av sine salmer, samtidig som han spelte ein salme over høgtalaren i bussen. Det var vakkert og stemningsfullt.

Olav runda det heile av med å takka for turen. Og vi var alle ei oppleving rikare!

L.I.