Cruise på Rhinen og Mosel 5-10 sept. 2013.

Cruise på Rhinen og Mosel 5-10 sept. 2013.

SE BILDER HER

I tida 5-10 september la 26 medlemmer av Mossige Minde Reiseklubb ut på turen “Cruise på Rhinen og Mosel”.
Turen starta med fly til Frankfurt. Der stod det ein buss fra eit Østerriks busselskap, og venta på oss. Den bussen skulle fylgja
oss på heile turen. Det skulle visa seg å vera ein stor fordel, då slusearbeidarne på Mosel var i streik, og båten vart liggjande i
Koblenz, som hotelskip. Men då hadde vi seilt heile Rhinen. Då vi kom til Frankfurt venta sommaren oss med ca. 30g.
Vi finn fram til bussen, som tek oss den 2-1/2 timers lange turen til Strasbourg, på fire felts motorvei. Vi er nå i Frankrike,
og ikkje nok med det, vi skal bu på Hilton. Flott hotel. Den første samla middagen har vi på ein flott restaurant, og får det første
inntrykket av ein fin by, når vi kjører dit med bussen. Maten var her som på heile turen, fantastisk god.
Etter natta på Hilton, er vi klar for bysightseeing til fots, med lokal guide. Det er begrensa kva vi får sett i ein by med ca. ein
halv million innbygjarar. Men vi blir kjendt med sentrum og gamlebyen. Etter å ha opplevd storbyen, skal vi ut på bygda. Vi
kjører sørover i Alsace, i ein brei dal med planteproduksjon på flatlandet, der det er mais og kål, som dominerer. Og i skråning-
ane er det vindyrking. I det heile, er det eit flott landskap, med små og litt større landsbyar innimellom. Det toppar seg når vi
kjem til landsbyen med det vanskellege namnet Riquewihr, der vi hadde lunch. Maken til blomsterprakt i hagar og husfasadar,
har knapt nokon av oss sett. På turen sørover kjører vi på god vei i flatlandet, mens vi på vei tilbake, kjører på bygdevei i
dalsida. Ein variert og flott tur var det. Når vi seint på etter- middagen kjører inn på kaiområdet viser gradestokken 37g.
Båten ser tiltalande ut, og det er ein gjeng i stor stemning, som stig ombord. Til saman er vi 160 passasjerar. Etter å ha
innstalert oss, i forholdsvis små lugarar, går vi på soldekket, og tek farvel med Strasbourg. Avsluttar ein flott dag med ein
fantastisk middag. Og la det vera sagt ein gong for alle, maten ombord var kjempegod. Dag nr. tre startar i det vi legg til kai i Mainz.
Etter frokosten, tek guiden oss med på ein spasertur i byen. Vidare seilar vi til den kjendte turistbyen Rudesheim, som har tre millioner
turistar i året. Det er mykje for ein by med ca. 5000 innbygjarar. På andre sida av Rhinen ligg Bingen, som har tilsvarande inn-
bygjartal. Vi kjører med bussen opp gjennom vinmarkene til det kjendte riksmonumentet Niederwald Denkmal, som symbol-
iserer samlinga av Tyskland. Det er også eit fantastisk utsikts- punkt. Vi er også innom Drusselgasse for vinsmaking, før vi
forlet Rudesheim. Området vi nå skal gjennom, står på Unescos liste over spesielle landskap. Her er mange slott, og også den
kjendte Loreleiklippen. Vi legg til kai i Boppard, ein liten by, der mange av oss gjekk ein tur på land, etter middagen. Ny flott dag.
Men nå har veret forandra seg, når vi om morgenen den fjerde dagen, legg til kai i Koblenz. Det regna om natta og i
begge endar av dagen. Men heldigvis var det opphold om dagen når vi skulle ut på tur. Koblenz er ei by med ca 180000 inn-
bygjarar, som ligg i eit vakkert område, der elvane Rhinen og Mosel møtest. Her skulle båten bli ligjande resten av turen,
p.g.a. streik blant slusearbeidarane. Og det var då det passa godt, at vi hadde bussen som fylgde oss på land. Honør til Sør
Vest Reiser for opplegget. For etter ein byvandring på ein stille søndag f.middag, der nokre av oss også var innom ei
katolsk messe, kjørte vi etter lunch, til turens endestasjon, byen Cochem. Moseldalen er utruleg vakker. Vi kjører opp
til Cochem på den eine sida av elva, og ned på den andre, Det gir oss nærkontakt med landskap og landsbyer, og det var ein
veldig fin tur. Det var i Cochem cruiset skulle endt. Nå fekk vi sett det same fra land. Om kvelden hadde dei ansatte på båten
underholdning i baren, og etterpå trødde nokre av oss danse-foten. Flott dag med varierte opplevingar.
Neste dag er mandag, og det betyr, at i dag er butikkane i Koblenz åpne. F.m. er heile reiselaget i byen på frislepp. Også
dette er ein del av ei oppleving, og det blir nok lagt igjen nokre kroner også. Etter lunch vart det improvisert ein blåtur med
bussen, til ein liten by, som heite BadEms. Turen går langs ei sideelv til Mosel. Fint her også. Så er vi komne til siste kvelden ombord,
og det er gallamiddag. Vi i Reiseklubben har hatt fire faste bord i restaurangen under cruiset. Eg synest vi har vore flinke til å variera kor
vi sit, og turen har vore inkluderande for alle. Og gallamiddagen blir eit høgde-punkt for oss alle. Men musikken i dansebaren etterpå,
var ikkje i Mossige Minde deltakarane sin smak. Men så var det bare dette, som ikkje var heilt topp på denne turen.
For nå er det pakking, og klar til avreise nesten morgen. Ein to timars busstur tek oss til Frankfurt og botanisk hage der i byen.
Vi fant ut, at dette var ein fin stad å tilbringa tre timar, på ein dag då veret ikkje var det beste. Her var også ein fin restaurang, der
vi hadde lunch. Deretter er vi to timar i sentrum av byen. Etter å ha sett oss litt om på eigenhand, fordeler vi oss på kafear og
koser oss med kaffi, øl og nokre av oss, har også plass til eit kakestykke. Vi blir så frakta ut til flyplassen, med bussen som har
fylgt oss på heile turen, og tek farvel med Stefan, som vil vera heime i Østerrike, omtrent på same tida, som vi er heime i
Norge. Han var ein makelaus sjåfør. Det same var Else Ottesen, som har vore vår guide på turen. Så stor takk til Else, og til Sør
Vest Reiser for eit flott opplegg. Og takk til samtlige turdeltakarar, for fine felles opplevingar, frå Mossige Minde reiseklubb.

LI
LH (Bilder)