Busstur til Indre Erfjord 17. sept. 2013.

SE BILDER HER

Dette var ein tur som mange ville vera med på. På det meste var det 13 stk. på venteliste, for å koma med på turen. Då turen starta
kl. 08.00 frå Mossige Minde, var det med full buss. d.v.s. 48 stk. Dette er midt i rushtrafikken, og mange streva med å koma fram
tidsnok. Avreisa vart derfor litt utsett. På Ruten plukka vi opp dei siste, og det vart fort klart, at det var ein forventningsfull gjeng i
godt humør, som var klar for tur. Torolf Nordbø, også kjendt som “Han Innante”, slutta seg til oss på kaien i Stavanger. Vi tok båten
derifrå til Tau. Torolf var ein blanding av guide og moromann på turen innover i Ryfylke. Vi kjørte gjennom den vakre bygda Fister,
som er ein avstikkar fra hovedveien. Fra Hjelmeland tok vi ferja til Nesvik. Der vart det diska opp med kaffi og wienerbrød, og
stemninga var stor, der vi kosa oss i sola. For veret var eit kapittel for seg. Vermeldinga for dagen baud på regn, lyn og torden og
sterk kuling frå søraust. Og så blir det ein seinsommardag av beste slag med 15g, lange periodar med sol, og nedbør var
heilt fråverande. Det var med og toppa turen. Det gjorde også komlemiddagen på bedehuset på Erøy. Bedre
komler med tilbehør, hadde vi knapt smakt. Og nå gjorde Torolf Nordbø seg om til Han Innante, og vi fekk 40 min. med harmlaus
moro. Torolf er også ein habil sangar og musikar, og han varierte “galskapen” , med stemningsfulle sangar. Eg har til gode
å høyra nokon, som ikkje likar Han Innante som underhaldar, og vi frå Mossige Minde reiseklubb, takkar og bukkar, kjekkare kunne
vi ikkje hatt det. Det var vel litt rolegare i bussen, då vi fortsette gjennom Ryfylkenaturen. Denne gangen for å ta ferja til Ombo. Ombo er
den største øya i Ryfylkebassenget, med ca. 200 innbygjarar. Etter å ha kjørt tvers over øya til Eidsund, der det igjen ventar
oss servering. Det er derifrå båten går til Finnøy. Det er på landhandelen vi får servert kaffi, lefse og ein ny runde med
wienerbrød. Det var meininga, at vi også skulle besøke eit gartneri der, men dei var rett og slett utselde, og hadde stengt
for sesongen. Det gjorde at vi hadde god tid der, som vi brukte litt forskjellig. Nokre sat på kafeen til landhandelen og prata, mens
andre sat i bussen, og såg ein video med Han innante. Mens andre gjekk ein tur i området.
Når båten så har ført oss over til Finnøy, er det strake veien hjem til Sandnes, der vi er i 19.00 tida. Men før det har Olav takka
for dagens tur, og for sesongen, som er over med denne turen. Sesongen har vore svært vellukka og alle turane har praktisk
talt vore fulltegna. Nå håpar vi, at vi kan setja saman eit like fristande tilbud til medlemmane våre til neste år. Men fram til då,
– takk for i år.

LI